Bibliotekenes Hus

Søk
Close this search box.

Forrigebok på nynorsk

Hyggjeleg eller urovekkjande? Kjenslevar eller avstumpa? No kan du skildre leseopplevingane dine med appelltermar på nynorsk i Forrigebok.
Lesersørvis, appelltermar på nynorsk

Forrigebok er eit digitalt verktøy som byggjer på lesarsørvismetoden. Her kan tilsette i norske bibliotek skildre leseopplevingar og utforske koplingar til andre leseforslag, også kalla readalikes.

Etter at Forrigebok blei tatt i bruk i 2022 har det kome tilbakemeldingar frå ivrige brukarar om at appellfaktorvokabularet òg burde vere tilgjengeleg på nynorsk. Dette er no på plass, og denne veka blei Forrigebok lansert i nynorsk språkdrakt. Som brukar kan du dermed velje kva for målform du vil bruke når du registrerer nye leseopplevingar.

I omsetjinga av vokabularet har vi lagt vekt på at nynorsktermane skal ligge nært opptil bokmåltermane der det er naturleg. Dette er mellom anna gjort for at lesarsørvissamtalane skal kunne gli så enkelt som mogleg mellom brukarar med ulike målformer.

Fleire måtar å formidle på

At heile vokabularet no er på plass på nynorsk gjer at data frå Forrigebok kan brukast på fleire måtar enn tidlegare. Den første staden dette er synleggjort er i leseforslaga på nettsidene til bibliotek som brukar Libry Content. Dersom språket på nettstaden er nynorsk, vil appelltermane automatisk visast på nynorsk.

Sjå eksempel på nynorske appelltermar på nettsidene til Tysnes bibliotek 

Eit omgrepsapparat på begge målformer utvidar altså moglegheitene for korleis ein kan bruke lesarsørvis i formidlinga. Ikkje berre i dei digitale tenestene, men også i det fysiske rom. Dette kan til dømes vere i utstillingar, materiell i ulike former og kanskje viktigast –  i samtalane med bibliotekbrukaren.

Her kan du lese meir om korleis du kan bruke åpne data frå Forrigebok

Les også

Et døgn på biblioteket

Den 27. februar besøkte vi hovedbiblioteket i Tønsberg og Færder for å ta pulsen på de store ordene om livslang læring, kulturutvikling, tilhørighet og demokrati.

Et formidlingssystem vokser fram

Ambisjonene for hva bibliotekene og Biblioteksentralen kan få til sammen av formidling til innbyggerne i Norge er høye. Arbeidet med et felles system for digital infrastruktur i folkebibliotek startet forsiktig før 2020 og skøyt fart i 2023.